![]() |
Samskriving på taket i Finika |
I skrivande stund sit me på flyet heim og tenker på summen av intrykk frå turen: lange, konsentrerte dagar, kvite og blanke som nye innbydande teikneark. Det har vore ei arbeidsam, men samtidig roleg veke på den måten at opphaldet har gjort det mogeleg å ha fullt fokus berre på oppgåvene knytt til prosjektet. For to småbarnsmødrer, som i heimen sjeldan får tenkt ferdig ei heil setning og på jobb sjonglerer merksemda på fleire prosjekt samtidig, har desse dagane vore kjærkomne.
![]() |
Frå Santorini sin høgaste topp Profitis Elias på 956 m |
Samstundes fann me det nødvendig å byrje
arbeidet med innleiinga til dei to fyrste planlagde artiklane i vår del av
prosjektet. Dette for å definere feltet og få ei oversikt over materiale, samt finne forma på strukturen i denne delen av artikkelen. Vårt faglege fokus vil
i fyrste omgang dreie seg om å finne fram til kriterier for god bruk av bildet
i bildebok og i bildebokapplikasjonar.
![]() | |
Gjengen: frå v. bak Lovise, Ingrid, Silje, Anne Grethe, frå v. framme: Kari-Anne og Liz |
Me var så heldige å ha vår eigen
engelskspråklege akademikar frå Universitetet i Bristol med oss, Liz. Når ein
skal i gong med sin fyrste akademiske artikkel og den skal skrivast på engelsk,
var det svært godt å få hjelp til å finne dei presise orda som uttrykte akkurat
det me ønskja å formidle.
Det vart mange timer med skanning av
abstracts. Å gå igjennom ca. 2000 abstracts kan vise seg å ta litt tid, men
under ein solhatt går det meste greitt. Dei siste dagane vart det fleire
diskusjonar om bruk av faglege omgrep, brukt i dei aktuelle abstracts. Me
opplev at metoden er ein god veg å jobbe seg inn i eige fagområde på.
Den siste dagen summerte me arbeidet som
var gjort og Kari-Anne gav oss ein prat om vegen vidare.
Lovise og Ingrid
Thira - Santorini, Hellas 20. April 2015
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar