Fyrste runde med bildebøker er digitalisert og gjort interaktive!


Frå boka Tobben spiller i band - illustrert av Heidi katrine Aune
Me er glade for å melde at de fyrste bildebøkene no er i omløp og tilgjengeleg gjennom DSL+ sin app for dei som har sagt seg villige til å delta i prosjektet. Dette inneber også at sju dyktige og arbeidsamme studentar kan klappe seg sjølv på skuldra og glede eg over at arbeidet dei har lagt i bildebøkene er omgjort til flotte bildebokapplikasjonar.


Tekniske val, utforming og utfordringar
Arbeidet har ikkje gått smertefritt, men har vore desto meir lærerikt og fagleg utviklande for alle involverte. I siste instans har utfordringane vore knytt til kva interaktive funksjonar som skal leggast til i bildebøkene, korleis og kvifor. Til dette arbeidet har me fått hjelp frå teknikarar ved UiO sin seksjon for forsknings- og formidlingsstøtte.

Tilvirkning av nokre funksjonar i applikasjonanen byr på meir hodebry enn andre. Til dømes er det meir krevjande å få til funksjonen dra-og-slipp, enn små animasjonsnuttar som illuderer rørsle i bildebokoppslaga. Å få til funksjoner som er knytt til rørsle av sjølve nettbrettet, eller som reagerer på lyd og pust frå lesar er også svært krevjande teknisk. Lyd som anten aktiverast ved bladvending eller eit fingertapp er døme på funksjonar som er lettare å få til. 
Frå boka Espen og Bamse fisker - illustrert av Marte B

I tillegg til rammene for kva som er teknisk mogleg å få til, ligg det faglege overveiingar bak dei vala me har gjort for applikasjonene sine funksjonslyte. Særleg omsyn har me hatt for målgruppa. Funksjonane me legg til i bildebokoppslaga skal berike og utvide leseopplevinga, samt motivere lesar og skape engasjement. Samstundes er det viktig at dei ikkje tek over og overskygger bilde- og tekstforteljinga og gjer lesaren distrahert.

Me har fleire dømer på bildebokapplikasjonar der funksjonane slår kvar andre i hjel i sin prangande og blinkande form. Som mål har me difor sett tre funksjonar til kvar bildebok og desse skal vere ganske stillfarne og gjerne utstyr med ein delay der dei fyrst tiltrer ei god stund etter bladvending. Slik ønskjer me å legge til rette for at barnet skal tid til å ta inn og studere bildet fyrst.

Variasjon i bildeuttrykk 
I alt vart det laga 40 tekstar av forfattar Wenche Røine, av desse er omlag 20 bildebøker ferdigstilt som bildebokapplikasjon, og dei resterande 20 nært ferdige. Og det som er fantastisk å sjå er at uttrykket i illustrasjonene er like mangfaldig som det er studentar involvert. I vår bilderike samtid er det å lære å lese ulike bildeuttrykk ein vesentleg del av allmendanninga og heilt avgjerande for å kunne manøvrere i dagens samfunn. Me trur at desse bøkene, ved sida av å styrke språkutviklinga, også vil vera gode bildemøter for barna som er med i prosjektet.



Frå boka Espen og Bamse på fjellet - illustrert av Anniken. Tillagt funksjon i denne boka er at Espen og Bamse beveger seg opp fjellet.

Frå bildeboka Lise er redd for monster av Beate Erikke Johansen. Tillagt funksjon i denne boka er bevegeleg monsterhale





















Frå boka Hvor er gulerøttene av Ingrid Huseby Angvik. Tillagt funksjon i denne boka er lyd av spylande vatn.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

DSL+ - webinar

Mest lest