Studentarbeid knytt til utforming av den visuelle delen av prosjektet


Denne hausten er me allereie i gong med å utvikle illustrasjonar til bildebøkene som skal brukast som ein del av språkstimuleringstiltaket i prosjektet. I løpet av haust og den kommande våren vil fleire av studentane knytt til studiar i visuelle fag ved Høgskulen i Telemark bli involvert. 


Arbeidskrav knytt til bildebokutvikling


Den fyrste gruppa som har satt i gong med bildebokproduksjonen for alvor, er studentane i studiet Kunst og handverk i grunnskulelærarutdanninga. Sjølv om dette er eit reelt prosjekt oppfyller det samtidig fagplanmåla for dei ulike studia. Kriterier for oppgåvene til studentane vil difor variere noko utifrå læringsmål i dei ulike studia som blir involvert.





Visuelle kriterier for den aktuelle målgruppa

Det skal i alt lagast 40 bildebøker. Studentar som er involvert i denne delen av prosjektet får tildelt kvar sin tekst. Bildebøkene skal vere tekstfrie og illustrasjonane skal vere fordelt på omlag 12 sider pr. bok. Prosjektleiiar Kari-Anne B. Næss og Liz Smith fra Universitetet i Bristol har laga ein introduksjonsfilm som presenterer viktige omsyn som studentane må tenke på når dei utformar visuelt materiale for målgruppa.

Introduksjon til utforming av bildebokillustrasjoner: aktiv videolink til filmen







Karakter utvikling

I dei 40 tekstane er det fleire karakterar som går att. Det er eit ønskje at desse karakterane skal kunne kjennast at også visuelt. Difor må alle studentane forholde seg til dei same karakterdefinisjon. For å halde oversikt over alle karakterdefinisjonane har me laga eit skjema som viser både skriftleg og visuell skildring av alle karakterane i dei 40 tekstane.

Tekstleg er karakterane definert utifrå desse karakteristika:






Utforming av anna visuelt materiale i prosjektet

Knytt til prosjektet er det også ein del anna visuelt materiale som treng grafisk utforming. Mellomanna skal det lagast ein applikasjon for systematisk trening. Førebels har me involvert studentar ved studiet Digital Mediedesign i dette arbeidet. Presentasjon av kva arbeidet går ut på finn de her: aktiv videolink til filmen





Inspirasjon - sånn kan det løysast

Nokre studentar er som sagt allereide godt i gong med arbeidet. Kunst- og handverkstudent Tjitske Egbertje Sijtsma-Oma leverte nettopp dette bildebokoppslaget til rettleiing. Me ønskjer henne og resten av klassen lykke til med ferdigstilling av bildebokarbeidet dei har fått tildelt.


Bildebokoppslaget er laga av Tjitske Egbertje Sijtsma-Oma, student
ved Kunst og håndverk i GLU, HiT



Til dei studentane som veljar å delta og arbeid med prosjektet, vil me på førehand sei, TUSEN TAKK! Me er kjempe glade for at de ønskjer å bidra i prosjektet.


Me gler oss til å sjå kva de får til,
Ingrid

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Mest lest