Ungen i mørket


Kronikk i Klassekampen, torsdag 17. september 2015, av Ingrid Holmboe Høibo




Foto: Ingrid Holmboe Høibo

Barn bruker meir og meir tid med nettbrettet. Kvifor bryr ikkje vaksne seg om kva dei gjer der inne?


Guten sit krumbøygd og med si fulle merksemd vendt mot skjermen. Nokre gonger kjem latter andre gonger song og prat. Ivrig tapping med finger mot skjerm. Merksemda er høg og avleiing er vanskeleg. Han er nett fylt fire og sit aleine med eit av sine fyrste kulturmøte.

I 82 %  av dei norske heimane er iPaden eit dagleg innslag. Barn i alderen 1-12 år bruker i snitt 43 minuttar på å spele data-/TV-/mobilspell kvar dag (tal frå medietilsynet, 2014). På få år har barns møte med kulturuttrykk endra seg totalt. Barne-TV til fastsett tid, sensurert og presentert av TV-vert, er bytta med nett-TV. Dataspel, som ein tidlegare måtte vera ganske stor for å kunne logge seg inn på, er no tilgjengeleg ved eit fingertapp. Bøker presentert i eit fang ligg no tilgjengeleg med opplesarstemme og integrerte moglegheiter for interaksjon med mediet. Ein kan teikne, filme, fotografere og animere med iPaden, men kven sørgjer for at det som blir servert barnet er av god kvalitet?

Dei siste fem åra har salet og konsumet av nettbrett eksplodert. Særleg barn har fått stor tilgang til dette mediet. Barn finn fram til dei applikasjonane dei ønskjer å bruke sjølv. Dei lever i ein kultur der dei blir visuelt bombardert kvar dag, og dei har lært seg å manøvrerer i dette mylderet av uttrykk. Mykje av manøvreringa går på intuisjon. Nettbrett spelar nettopp på denne intuitive måten å manøvrere på. Ofte er det kjennelege figurar, stereotypar og spin-off-produkt frå TV og film som blir valt til fordel for meir utfordrande og mangfaldige visuelle og tekstlege uttrykk.

For mange handlar det "å gjer iPad" i stor grad om tidtrøyte og barnevakt. Ein skil ikkje på kva denne bruke går ut på. Eg har gjort undersøkingar i barnehagar der iPad samvitsfult er kjøpt inn, som eit ledd i målet om å utvikle såkalla digital kompetanse. Men bruken av verktøyet har gått ut på å spele Angry birds, Lego, Kittykat eller liknande, som ei løn for andre utførte aktivitetar eller oppgåver.

Denne typen aktivitet kan vera kjekk som underhalding, men den utviklar verken evna til å lese bilde eller tekst, heller ikkje barnets kreativitet eller nysgjerrigheit. Målet med slike apper er å nå ein masse førehandsdefinerte mål. Fascinasjonen for spela kjem frå gjenkjenninga av figurar og den hyppige bruken av påskjønning og repetisjon i applikasjonen.

Det seier seg sjølv at denne typen applikasjonsaktivitet ikkje legg til rette for nokon litterær, biletleg eller filmatisk kunstoppleving. Barn treng å utfordre, bygge og øve på sitt visuelle og tekstlege vokabular, til dette treng dei gode kultur- og kunstmøte som gir dei den breidda og kvaliteten dei fortener.

Mange av applikasjonane på marknaden er så spekka av interaktive oppgåver, intens bruk av visuelle og auditive effektar at dei ikkje gir plass til barnet sin eigen refleksjon. Førskulelærar og pedagog Cathrine Darre i Myrertoppen barnehage, skriv at pedagogane ønskjer at digitale verktøy skal brukast til noko meir enn å fortelle barna kva dei trenger å vite.  Ho ønskjer seg bort frå applikasjonar der ein skal nå ein masse førehandsdefinerte læringsmål. Gjennom faktaprega læring automatiseras lett kunnskap, utan at vi veit om ungane lærer noko. Ein bør i staden bruke teknologien til å skape engasjement hjå ungar ved at dei får bidrar sjølv, då vil dei lære meir.

Den digitale bildeboka har på få år blitt ein stor suksess, og sjølv om den ofte tek utganspunkt i gode forteljingar er kvaliteten på det ein finn i Appstore og Googleplay svært varierande. Søker ein vilkårleg etter barnebok, er det fyrst og fremst dei kommersielle bildebøkene som dukkar opp. Særleg er det mange bildebokapplikasjonar som baserer seg på kjente eventyr og forteljingar der opphavsretten er gått ut.

Ein får også inntrykk av at bildebokapplikasjons-utviklarane berre har eit minimum av visuell kompetanse. Dei spelar difor på klisjéaktig uttrykk, sjablongar, fattige bilde og flate karakterar. Ofte brukar dei det som er av effektar, og resultatet blir heftig sansestimmulering som endar opp i bråk og kaos - utan innhald. Det er med andre ord mykje ræl.

barnebokkritikken.no skriv Atle Berg at kritikken av norske barnebokappar nesten er fråverande. Sjølv om dei fleste forlaga no har komme i gong med å lage og tilby bildebokapplikasjonar, og salet av desse har steget i været, manglar me kriterium, og omgrep for å kjenne att kvalitet. Sjølv om omfanget av bokapplikasjonar aukar, salet og bruken aukar, blir det ikkje møtt med tilsvarande engasjement frå litteraturkritikken. Ofte blir dei berre omtala med ein kort presentasjon, ofte med fokus på funksjonslyte og eit terningkast. Kritikken tar ikkje opp den litterære eller visuelle kvalliteten i bildebokapplikasjonen.  

Slik det er no, er det barnet sjølv som sit med oppgåva, ofte åleine utan nokon å drøfte dei ulike kulturuttrykka og kunstopplevingane med. Me treng diskusjon og me treng engasjement frå vaksne, frå vitarar innanfor dei ulike fagfelta. Me treng pedagogar som har ambisjonar for barns møte med applikasjonar utover å opp øve digital kompetanse.

Me treng vaksne som tek mediet på alvor.

Barnet sin nærmaste vaksne må få ein forbrukarguid, vokabular og kriterium å støtte seg på for å finne fram til gode kunstmøte og kulturuttrykk på nettbrett. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Mest lest